Meny
Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Dåp påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Konfirmasjon påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Kalender
28 Januar
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
04 Februar
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Holsen kyrkje
11 Februar
17:30 Gudsteneste i Førde Kyrkje
14 Februar
19:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
18 Februar
11:00 Gudsteneste i Haukedalen Kyrkje
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
25 Februar
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
04 Mars
11:00 Gudsteneste, Holsen kyrkje
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
07 Mars
18:00 Ungdomsgudsteneste, Førde kyrkje
11 Mars
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
15 Mars
19:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
18 Mars
11:00 Gudsteneste, Haukedalen kyrkje
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
25 Mars
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje

 

Ledig stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar

I Førde kommune er det 13.000 innbyggarar, 2 sokn, 3 kyrkjer og 4 gravplassar. Førde kyrkjelege fellesråd har 11 årsverk fordelt på 22 tilsette. Årsbudsjett i overkant av 10 mill. kroner. Kyrkjeverja er lokalisert på Førde kyrkjekontor i gode lokalitetar på Førde kyrkjetun, som var nytt i 2001.

Dei kyrkjelege fellesråda i Førde, Jølster, Gaular og Naustdal  har starta samanslåingsprosess grunna kommunesamanslåing frå 01.01.2020. Kyrkjeleg fellesnemnd er nedsett og ein har gjort vedtak om utlysing av prosjektstilling.  Den som vert kyrkjeverje i Førde vil også bli kyrkjeverje for det nye fellesrådet, og vil såleis også vere sentral i samanslåingsprosessen og utforming av ny organisasjon. Kyrkjeverje skal i samhandling med råd, utval, tilsette og frivillige vidareutvikle og leie kyrkja gjennom ein endringsprosess. Den nye storkommunen vil få om lag 22 000 innbyggarar.

 Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg identitet og kultur. Ein er oppteken av nyskaping og utviklingsarbeidet og kyrkjelydane har god oppslutnad og godt samarbeid med kommunen.

 Arbeidsoppgåver

·         Dagleg leiar for fellesrådet sitt ansvarsområd er mellom anna;

-Personalleiing for dei kyrkjelege tilsette i fellesrådet

- Plan, budsjett og økonomiansvar.

- Strategi og utviklingsarbeid

- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar

 

Vi søker ein leiar med

·         Relevant høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan vege opp for høgare utdanning.

·         Kompetanse og erfaring innan personalleiing, økonomi, offentleg forvaltning og administrasjon

·         Gode kommunikasjonsevner og samarbeidseigenskapar, samt evne til å jobbe strategisk og utviklingsorientert.

·         Gode kunnskapar om Den norske kyrkja sin struktur, verdigrunnlag og organisering

 

Vi kan tilby

·         Løn etter avtale

·         Tilsetjing i tråd med lover og reglement og KA sine tariffavtaler

·         Pensjonsordning i KLP

·         Ei interessant og utfordrande stilling i eit engasjert miljø

·         Oppstart i stillinga etter avtale

 

Ein legg stor vekt på personlege eigenskapar. Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja og ha eit engasjement for kyrkjeleg verksemd. Samanslåing av fellesråd og den framtidige kyrkjelege struktur vil medføre både nye arbeidsoppgåver og leiarutfordringar.

Ein må gje opp referansar i søknaden.

 

Administrasjonsspråket er nynorsk.

 

6 månads prøvetid.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til  

 

Fung. kyrkjeverje Jenny Ødven Snildal – tlf  99279955.

Fellesrådsleiar Vidar Otterstad – tlf 97095717
Leiar i kyrkjeleg fellesnemnd Jetvard Kalland – tlf 90 72 47 69

Søknad sendast Førde kyrkjelege fellesråd, Kyrkjevegen 23F, 6809 Førde eller på e-post til

fkf@fordekyrkje.no innan 01.12.2017.

  
Av: Jenny Snildal   Publisert: 09.11.2017
 
Kontaktinfo

Førde kyrkjekontor             
Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Telefon: (+47) 57 82 81 80
E-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no
 

Facebook: Førde kyrkje

Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Førde kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no