Meny
Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Dåp påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Konfirmasjon påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Kalender
19 November
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
22 November
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
26 November
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
17:30 Familiegudsteneste, Førde Kyrkje
29 November
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
02 Desember
16:00 Lys Vaken 2017
20:30 Gudsteneste,
03 Desember
11:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
06 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
10 Desember
11:00 Gudsteneste, Holsen Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
19:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
13 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
15 Desember
12:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
17 Desember
11:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
18:00 Konsert, Førde Kyrkje
20 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
24 Desember
12:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
12:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Holsen Kyrkje
16:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
25 Desember
12:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
26 Desember
11:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
13:00 Gudsteneste,

 

Minnegudsteneste i Førde kyrkje

Allehelgensdag er blitt ein viktig minnedag for mange i vårt land.  Dagen blir gjerne brukt til å besøkja og markera minnet på gravplassen og ved gravene.
I eit moderne, hektisk liv er behovet tilstades for å ha dagar og anledningar der me  minnast dei som eingong var saman med oss og som no er gått bort.
Så vil det alltid vera slik at for nokre har sorga og saknet gradvis mildna ettersom tida har gått, medan for andre som nyleg har mist sine, kan det kjennest sårt og vondt.
For mange av dykk som er samla her vart dette året som bringa sorg og sakn. For nokre kom døden brått og uventa, for andre vart det å følgja den kjære steg for steg mot slutten. Så vart det for mange av dykk å stiga inn i sorga sitt landskap. ”

Diktarpresten Eivind Skeie har skrive eit dikt han kallar “Etterklang”. Diktete vart skrive etter at han miste ein god ven:

“Etterklang
Til sist låste døden dørene
inn til vårt samvær
og skjulte deg i gravens dyp.
Nå er jeg alene
i alle rom
der du og jeg var sammen.
Men nøkkelen til alle disse dører,
gir jeg ikke døden.
Den er min.

For selv vil jeg gå inn
med egen nøkkel
til de små rom av lykke
og de store minnehaller
hvor livet vårt står skrevet.
Der vil jeg se deg
slik du var
og uten dødens grelle lys.
Der kan jeg høre dine lette trinn
og ane etterklangen av din latter.

I dette diktet gjev forfattaren uttrykk for både dødens avsluttande og endelege realitet,
samstundes som han peikar på at det enno er noko som døden ikkje kan ta frå oss:

Så har me høyrt ein av dei mest innhaldsrike og betydningsfulle tekstene frå evangeliet idag.
Men kanskje også ein av dei vanskelgaste tekstene å trengja inn i og forstå.

Her møter me ord av Jesus som så definitivt går på tvers av vår tenkjemåte.
Ordet sæl betyr lukkeleg, heldig, velsigna.
Heldige er dei som sørgjer…
Lukkelege er dei som blir forfølgde…

 Skulle me prøva å få denne teksten, meir i pakt med realitetane for det verkelege livet, kunne det kanskje bli noko sånn som dette:

Sæle er dei rike, sjølvsikre og vellukka
Sæle dei glade, lukkelege, friske og livsnytande
Sæle dei utolmodige, pågåande, effektive og raske
Sæle dei tilfredse og harmoniske
Sæle dei målretta, bevisste og beslutningsdyktige
Sæle dei sterke, påhaldne og prinsippfaste
Sæle dei nøytrale, tolerante og frisinna. 

Me kan kjenna at desse orda på mange måtar er meir appellerande og ambisiøse.
Og eg veit at eg lever i eit samfunn og i ei tid som held fram desse orda som nødvendige og viktige ideal.
Kven av oss ønskjer ikkje å vera sjølvsikre, glade, friske, pågåande, effektive, harmoniske, målretta, sterke og frisinna?

Samstundes kjenner eg at desse orda gjer meg sliten og trist. Dei set meg ikkje fri, dei gjev meg ingen kvile.
”Sæle dei som er fattige i ånda, himmelriket er deira
Sæle dei som sørgjer, dei skal bli trøysta
Sæle dei audmjuke, dei skal arva jorda
Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn”

Desse orda gjer og noko med meg. Eg evnar ikkje å forstå dei fullt ut. Eg kan berre ana betydninga og rekkevidden.
Men eg kjenner dei gjev meg ei kvile og fred. Dei gjev meg rom for det som er mitt. Dei opnar ein famn for meg.
Dei inviterer meg inn i eit anna liv. Dei viser meg ein annan veg. Dei let meg kjenna angen av eit anna rike.
Eg kjenner at dei talar sant om menneskelivet – samstundes gjev dei håp til dei av oss som treng det mest.

Desse orda frå bibelen er  først og fremst for dei som treng håp om ei betre framtid.
I Jesus ord og lære er ikkje himmelen eit draumeslott som gjr jordlivet trivielt og uviktig.
Himmelen motiverer til handling.

Jesus opnar horisonten mot eit større mål. Guds rike er på veg.
Eg takkar for at eg har fått del i dette budskapet om eit anna rike, ein annan veg, eit anna liv.
Eg takkar for at desse orda har nådd mitt øyra og skapt tru og håp i meg.
Eg takkar for dei menneske som bringa trua til meg.

Eg veit at eg alltid vil måtta streva med å finna dette livet, eg vil måtta streva med å gå denne vegen,
og mange gonger vil eg mislukkast i å følgja Jesus etter.

Eg veit at eg stadig vil vera freista til å tru at det er når eg er sjølvsikker, glad, pågåande, harmonisk,
sterk og målretta at eg er på høgde med livet.

Bøn

“Allmektige evige Gud vi takkar deg for alle dei som har kjempa den gode striden og halde fast på trua.
Vi ber deg:
Gje oss din Ande og kraft så vi kan leva og døy i deg og følgja etter dei som har gått føre oss, ved Jesus Kristus,
som med deg og Den heilage Ande lever og råder, ein sann Gud, frå æva til æva.” Amen.

 

 

 

  
Av: Ingvar Vagstad   Publisert: 10.11.2017
 
Kontaktinfo

Førde kyrkjekontor             
Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Telefon: (+47) 57 82 81 80
E-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no
 

Facebook: Førde kyrkje

Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Førde kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no