Meny
Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Dåp påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Konfirmasjon påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Kalender
31 Mai
11:00 Gudsteneste med nattverd, Naustdal kyrkje
11:00 Gudsteneste, Vassenden kyrkjesenter
11:00 Høgtidsgudsteneste, Haukedalen kyrkje
11:00 Friluftsgudsteneste, Bjørvikstølen
19:00 Høgtidsgudsteneste, Holsen kyrkje
19:00 Gudsteneste med nattverd, Førde kyrkje
20:00 Gudsteneste med nattverd, Førde kyrkje
01 Juni
11:00 Gudsteneste i Helgheim Kyrkje
11:00 Gudsteneste i Vevring Kyrkje
02 Juni
11:00 Tidebøn, Vassenden kyrkjesenter
07 Juni
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
11:00 Gudsteneste, Helgheim kyrkje
11:00 Gudsteneste utan nattverd, Sande kyrkje
12:00 Gudsteneste utan nattverd, Førde kyrkje
09 Juni
11:00 Tidebøn, Vassenden kyrkjesenter
14 Juni
11:00 Friluftsgudsteneste, SANDALEN GRENDAHUS
11:00 Gudsteneste med nattverd, Viksdalen kyrkje
15:00 Blomegudsteneste, Holsen kyrkje
16 Juni
11:00 Tidebøn, Vassenden kyrkjesenter
21 Juni
11:00 Folkemusikkgudsteneste, Friluftsgudsteneste i Kjøsneshogen
11:00 Gudsteneste i Naustdal Kyrkje
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
23 Juni
11:00 Gudsteneste i Vassenden Kyrkjesenter
24 Juni
19:00 Gudsteneste utan nattverd, Haukedalen kyrkje
28 Juni
11:00 Gudsteneste utan nattverd, Førde kyrkje

 

Konfirmasjonsgudstenester i mai vert utsett

Til alle konfirmantar og konfirmantforeldre/føresette.

Det er no på tide å kome med oppdatert informasjon frå kyrkja i samband med Korona-utbrotet. Takk for at de er så tålmodige med oss! Det er ikkje lett å vite kva som er rett i desse dagane. Ting endrar seg fort! I går (16. mars) kom det ei pressemelding om at alle konfirmasjonar i Noreg vert utsett. Dette var ei anbefaling frå kyrkjerådet, og dette var oppe i bispemøtet i dag. Difor har vi venta med å sende ut informasjon. På møtet i dag blei det vedteke at alle konfirmasjonar i Bjørgvin skal utsettast til hausten. Det vil tidlegast bli mogleg med konfirmasjon 5. september. Ettersom vi ikkje veit omfanget av dette virusutbrotet, er det vanskeleg for oss no å sette konkrete datoar for konfirmasjonsgudstenestene. Vi håpar at vi veit meir etter påske. Forhåpentlegvis vil vi då ha tid til å sende brev i posten med oppdatert informasjon. Alle vil få sms med datoane når dei er klare, for å sikre at alle får informasjonen samtidig.

Det er opna opp for å gjere unntak, så om det er nokon som har gode grunnar for å gjennomføre konfirmasjonen før hausten kjem, bed vi om at de tek kontakt. Så skal vi finne løysingar, sånn som vi gjer ved dåp og gravferd.

Så til nokre andre ting:

Fasteaksjonen
Vi kan ikkje gå frå dør til dør i år, men aksjonen er minst like viktig i år som elles. Tenk berre på korleis det ville vore om vi ikkje hadde reint vatn desse dagar! I år må vi gjere ein innsats digitalt. Vi jobbar no med å lage digitale innsamlingar. Når vi er klare med det, vil vi be dykk om hjelp til å spreie informasjonen. Det vert årets fasteaksjon. Vi vil og gje konfirmantane informasjon om fasteaksjonen som vi ynskjer at dei skal lese.

Gudstenester
Vi veit ikkje kor lenge det går før vi igjen får opne kyrkjene våre for gudstenester. For dei av konfirmantane som manglar gudstester foreslår vi å høyre på radiogudsteneste, sjå gudsteneste på tv, eller følgje ei av dei som vert sendt på Facebook. Skriv i KonfLoggboka dato, kva gudsteneste det er, og svar på spørsmåla så godt de kan. Det kan vere fint med digital gudsteneste sjølv om KonfLoggboka allereie er full.

Heimeside, epost mm.

Vi er inne i ei tid med endring av heimeside. Vi ber om forståing for at den ikkje er heilt ferdig og oppdatert. Vi jobbar med saka. Men, eg sender ut epost (diverre er det ikkje alle som kjem fram til dykk. Sjekk gjerne spamfilteret.) og legg ut informasjon på Facebook. (Konfirmant i Førde, Holsen og Haukedalen kyrkjer 2020) Mange er der, men det er enno ein del som ikkje er med i gruppa. Følg gjerne Førde kyrkje på facebook og. Elles sender eg ut SMS til alle ved spesielt viktige ting.

Mange av oss på kyrkjekontoret har heimekontor desse dagane, men vi er tilgjengelege på telefon, epost og facebook. Spør om de lurer på noko! Vi svarar som best vi kan, men mykje er usikkert for oss som for alle andre.

Vi vil tilslutt oppmode dykk til å ta vare på kvarandre. Ikkje sit med tunge tankar åleine, men snakk med nokon om dei. Ta gjerne del i dei digitale samlingane som er; sjå Førde kyrkje på Facebook og eller Den norske kyrkja på Facebook eller instagram.

Med venleg helsing

Sokneråd og tilsette i Førde, Holsen og Haukedalen kyrkjer.

  
Av: Heidi Voltersvik Styve   Publisert: 17.03.2020
 

Sjå tidlegare utgåver »
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Førde kyrkjekontor             
Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Telefon: (+47) 57 82 81 80
E-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no
 

Facebook: Førde kyrkje


Velkomen til dei nye nettsidene våre: kyrkja.no/forde!
Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Velkomen til å utforske dei nye nettsidene våre her: kyrkja.no/forde

Copyright © 2015 Sunnfjord kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no