Meny
Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Dåp påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Konfirmasjon påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Kalender
24 Juni
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
14:00 Gudsteneste i Haukedalen Kyrkje
01 Juli
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
20:00 Gudsteneste, Holsen kyrkje
08 Juli
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
15 Juli
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
22 Juli
12:00 Gudsteneste i Stølsmesse Haukedalen
19:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
29 Juli
12:00 Gudsteneste, Sunnfjord museum, movika
05 August
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
12:00 Gudsteneste, Stølsmesse holsen
12 August
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
14 August
00:00 Vakuumveka 2018
19 August
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
22 August
12:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
26 August
11:00 Gudsteneste, Haukedalen kyrkje
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
29 August
12:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
02 September
11:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
11:00 Gudsteneste, Holsen kyrkje
13:00 Gudsteneste, Førde kyrkje
17:30 Familiegudsteneste, Førde kyrkje

  Utskriftsvennlig side

Velkommen til dåp!

Ei tid etter  at eit barn er fødd vert det frå kyrkjekontoret, sendt ut informasjon om dåp.


Påmelding til dåp
De kan melde inn barnet dykkar til dåp på to måtar

Elektronisk påmelding

Informasjon om korleis ein melder seg på elektronisk
Førde sokn
Holsen og Haukedalen sokn

Skjema
Fylle ut vedlagt skjema "Opplysingar ved dåp og val av fadrar"
Dette skjemaet må de sende til kyrkjekontoret i god tid før dåpsinformasjonskvelden.


Dersom de ynskjer dåp i Førde, Holsen eller Haukedalen kyrkje, men bur i ein anna kommune enn Førde, må de ta kontakt med lokalt kyrkjekontor, og melde inn dåp der. Dåpssamtale og dåpsførebuing skal skje der de bur.

Foreldre og fadrar
Å få ansvar for born utfordrar til å oppdage og tenkje gjennom eiga tru, livssyn og livsførsel. 
Dåp av barn føreset at vaksne tek ansvar for den døypte. Dei må sjølve ved dåp og tru tilhøyre den kristne kyrkja. Foreldre har det første og største ansvaret. Fadrane skal hjelpe foreldre med å gje barnet ei kristen oppseding.


Å velje rette og gode fadrar er viktig. Barnet skal ha minst to fadrar. Foreldre kan ikkje vere fadrar. 
”Fadrane tek på seg ei viktig oppgåve når det gjeld kristen oppseding av barnet, og skal veljast med dette for auga. Presten er ansvarleg for å sjå til at foreldra vel slike fadrar som reglane føreset. Til fadder kan berre veljast personar som er medlem av Den norske kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen.” 

Minstealderen er 15 år. 

Dessverre har nokre gjort negative erfaringar med dei som er valde til fadrar, og har meldt ynskje om å få stryke ein eller fleire fadrar. Det er ikkje mogeleg. Om ønskjeleg, kan ein føye til nye fadrar, dersom nokon av fadrane døyr.


Førebuing til dåp

Dåpsinformasjonskveld 
Informasjonskveld for foreldre, i Førde Kyrkje, vanlegvis første  onsdag i månaden kl 17.00-18.00. Fadrar er også velkomne.

Her blir det informert om:
• kva den kristne dåpen er
• korleis dåpshandlinga går føre seg
• dåps- og trusopplæring i kyrkjelyden vår.

Ei enkel gåve frå kyrkjelyden blir formidla til kvart dåpsbarn og foreldre.

Dåpssamtale
Når ein har første barn til dåp, er det også ein dåpssamtale i tillegg til dåpsinformasjonskvelden. 
Denne samtalen har ein meir uformell karakter. 
Her kan prest og foreldre bli litt betre kjent, og samtale om trusopplæring for dåpsbarnet. 
Dåpssamtalen tek ca. 30 min, og blir til vanleg halden på Kyrkjekontoret torsdagar mellom kl.17.00 og 19.00.


Gjer avtalar i god tid
Med mange dåpsborn er vi nøydde til å ta omsyn til kvarandre, og planlegge når det høver best med dåp. 

Dersom de melder inn dåp elektronisk, tek kyrkjekontoret kontakt med dykk, for å stadfeste dato for dåp og gjere avtale om dåpsinformasjonskveld og dåpssamtale seinast 3 yrkedagar etter at de har meldt inn dåp. 

Dersom de melder inn dåp ved å fylle ut vedlagt skjema, bør de så snart de har bestemt dato for dåp, ta kontakt med kyrkjekontoret, for å avtale dato for dåp, dåpsinformasjonskveld og dåpssamtale. 

Dåpsamtalen skal vanlegvis vere gjennomført ca. ei veke før dåpen.

Kontoret er ope måndag - fredag 09.00 - 14.00, tlf. 57 82 81 80, eller bruk e-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no


Dåpsdagen 
Ein bør vera på plass i kyrkja i rimeleg god tid før gudstenesta tek til.
Hos oss er dåpen som regel fyrst i gudstenesta. To frå kvart dåpsfølgje ber dåpsbarnet inn i inngangsprosesjonen. Kvart dåpsfølgje har reservert ein kyrkjebenk.

Fotografering i kyrkja
Vi bed om at de ikkje fotograferer med blits under gudstenesta. Unntaket er videoopptak utan ekstra lys. Då kan ein gjere opptak frå galleriet, eller frå ein av kyrkjebenkane, utan å vandre rundt. Etter gudstenesta vil det vere rikeleg høve til fotografering, og presten vil vere med dersom det er ønskjeleg. Denne ordninga har vi for å ta vare på samlinga og opplevinga. 
 

Sjå tidlegare utgåver »
Dagens bibelord
Kontaktinfo

Førde kyrkjekontor             
Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Telefon: (+47) 57 82 81 80
E-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no
 

Facebook: Førde kyrkje

Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Førde kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no