Meny
Kyrkjelege handlingar
Dåp
Konfirmasjon
Vigsel
Gravferd
Dåp påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Konfirmasjon påmelding
Førde
Holsen og Haukedalen
Kalender
19 November
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
22 November
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
26 November
11:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
17:30 Familiegudsteneste, Førde Kyrkje
29 November
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
02 Desember
16:00 Lys Vaken 2017
20:30 Gudsteneste,
03 Desember
11:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
06 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
10 Desember
11:00 Gudsteneste, Holsen Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
19:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
13 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
15 Desember
12:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
17 Desember
11:00 Gudsteneste, Førde Kyrkje
18:00 Konsert, Førde Kyrkje
20 Desember
11:45 Tidebøn i Førde Kyrkje
24 Desember
12:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
12:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
14:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
14:00 Gudsteneste, Holsen Kyrkje
16:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
25 Desember
12:00 Gudsteneste i Førde Kyrkje
26 Desember
11:00 Gudsteneste, Haukedalen Kyrkje
13:00 Gudsteneste,

  Utskriftsvennlig side

Vigsel

Avtale om vigsel
Ta kontakt med kyrkjekontoret og gjer avtale om vigsel. Tlf 57828180 el e–post forde.kyrkje@fordekyrkje.no
Det er bra å vere ute god tid for å få det tidspunktet ein primært ynskjer. Det er viktig at ein gjer avtale med kyrkja om vigselsdato, før ein gjer avtale med selskaslokale.

Skjema for utfylling
Omlag 4 månader før vigsel får de tilsendt skjema for utfylling frå kyrkjekontoret. Bur de i ein annan kyrkjelyd enn der de ynskjer vigsel, skal de ta kontakt med kyrkjelyden der de bur for å få skjema til utfylling. Den såkalla prøving av ekteskapsvilkåra, skjer hos Folkeregisteret. Ta kontakt i god tid med folkeregisteret der de bur og få dei skjema som trengst. 
Skjema kan du også laste ned her: Skjema for kyrkjeleg vigsel

Vigselssamtale

Kvart par får og ei vigselsamtale med den presten som skal ha brurevigsla. Denne må avtalast med kyrkjekontoret.

Attest
Vigselsattest vert sendt dykk frå Folkeregisteret etter vigsla


Kyrkjeleg vigsel
Vigselshandlinga ber preg av å vere ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekstar om ekteskapet, og ein ber for dei som giftar seg. Ektepar som er vigde borgarleg, kan i ettertid velje å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet

Vigselsordninga
Vigselsordninga som blir brukt i Den norske kyrkja, opnar for at brudeparet sjølve kan vere med på utforminga av seremonien.
Salmar og songar må på førehand godkjennast av presten som forrettar, og det musikalske stoffet av kantor/organist.
Alle innslag, skal  tilpassast den gudstenestelege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryte med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.

Skriftlesningar
Ein kan velje mellom fleire bibeltekstar som det er gjort framlegg om, eller fritt frå andre bibeltekstar som passar. Bibeltekstane kan lesast av medlemmar av bryllupsfølgjet

Salmar/musikk
Brudeparet kan vere med på å velje  musikken og salmane som skal syngjast under vigsla.
NB! I kyrkja ønskjer vi å bruka levande musikk. Det kan ikkje brukast CD under inngongsmusikk (preludium) eller utgongsmusikk (postludium).

Ekteskapsløfta
Ein kan velje mellom to måtar å avleggje ekteskapsløfta på. Den eine måten er at
presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka, som dei svarar ja på. 
Den andre måten er at brudefolka sjølve seier fram ekteskapsløfta ved å gjenta dei etter presten: Eg tek deg NN til ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar, til dess døden skil oss åt.

Overrekking av ringar
Dersom brudeparet vil, kan dei velje å gi kvarandre ringar under vigselshandlinga.
Overrekkinga kan skje ved at ringane blir sette på etter at presten har sagt: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap. Alternativt kan det skje ved at bruda og brudgommen i samband med overrekkinga av ringane sjølve
seier fram følgjande etter presten: NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på
løftet mitt om kjærleik og truskap. 

Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverke med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. 

Praktiske opplysningar om vigsel
Fyll ut og send skjema ”Vi ønskjer kyrkjeleg vigsel” til kyrkjekontoret. 
Vi må ha original prøvingsattest frå Folkereigsteret seinast 14 dg. før vigsel. 
Gjer avtale med presten om samtale i rimeleg god tid.


Korleis får vi grønt lys for at vi kan gifte oss med kvarandre?
Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Brudeparet må sjølve skaffe ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” frå Folkeregisteret, og ta dei med til den personen som skal stå for sjølve vigsla.

Kan vi gifte oss der vi vil?
I Den norske kyrkja kan de berre gifte dykk i ei kyrkje eller ein annan gudstenestestad som biskopen har godkjend til denne bruken. 
For Sunnfjord prosti gjeld dette: Sunnfjord Museum, i Førde sokn, Steinkrossen i Korssund i Dale sokn i Fjaler og St. Olavskrossen på Svanøy i Kinn sokn i Flora.


Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret
Kyrkjesekretær:
Avtale om dato for vigsel.

Prest:
Vigselsinformasjon, vigselssamtale, vigsel.

Kantor:
Til hjelp ved val av musikk og salmar.

Kyrkjetenar:
Avtale om pynting i kyrkja.



 
Kontaktinfo

Førde kyrkjekontor             
Kyrkjevegen 23 F, 6809 Førde
Telefon: (+47) 57 82 81 80
E-post: forde.kyrkje@fordekyrkje.no
 

Facebook: Førde kyrkje

Pålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Førde kyrkjelege fellesråd. Powered by KWeb fra kirkedata.no