Velkomen som konfirmant

Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforske kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du lære meir om Gud og  deg sjølv. Vi snakkar om livet – på godt og vondt. Samtidig får du mange nye opplevingar. Det vert innskriving av nye konfirmantar i juni. Konfirmantundervisninga startar i august/september, og avsluttast med konfirmasjonsgudsteneste i mai. 
For meir informasjon om kyrkjeleg konfirmasjon sjå: kyrkja.no/konfirmasjon


Viktige dokument:
Konfirmantposten august 2019
Konfirmantposten oktober 2019

15. mai var vi på ungdomsskulane i Førde og informerte om kyrkjeleg konfirmasjon. 8. klassingane fekk utdelt brosjyre, som de finn her: Konfirmantbrosjyre 2019–2020

Dersom ein ynskjer å vere konfirmant i Førde, Holsen eller Haukedalen kyrkje, må ein ta kontakt med Heidi: heidi.voltersvik.styve@fordekyrkje.no eller kyrkjekontoret 57 82 81 80)


Konfirmasjonsgudstenester 2020:
 
3. mai kl 10:00 9A Fusk
3. mai kl 12:00 9B Fusk

9. mai kl 10:00 9C Fusk
9. mai kl 12:00 9D Fusk

10. mai kl 11:00 Holsen kyrkje

21. mai kl 10:00 9A Husk
21. mai kl 12:00 9B Husk

24. mai kl 11:00 9C Husk