Gravferd

Avtale om gravferd
Ta kontakt med prest eller kyrkjeverje for melding om dødsfall. Ta kontakt med kyrkjeverja for fastsetting av tidspunkt for gravferd og spørsmål kring gravstad.Ta kontakt med kyrkjekontoret for å gjere avtale om samtale med prest. Samtala kan gå føre seg anten i heimen til de pårørande, eller på Kyrkjekontoret.


Førebuing
I samtalen med presten kan ein avtala korleis ein vil ha gravferda m.o.t. minneord, songar, musikk etc.
Kantor vil og vere til hjelp med musikk. I Førde legg vi vekt på å bruke levande musikk i gravferdene. Avspeling av CD skjer berre i særlege tilfelle. Kransepålegging vert avtala på førehand. Presten vil kunne vere til hjelp med kransepålegging.

Kondolanseprotokoll. Dersom pårørande ynskjer å gjere bruk av kondolanseprotokoll seier dei i frå til presten om dette.
Ein slik protokoll kostar kr. 125,– + mva


Kontaktpersonar ved kyrkjekontoret
Kyrkjeverja:
Fastsetjing av tid for gravferd og spørsmål kring gravstaden

Prest:
Samtale. Planlegging og praktiske ordningar omkring gravferda.

Kantor:
Til hjelp ved val av song og musikk ved gravferda. Kan også spele / preludere ca 15 min på førehand.



Kyrkjegardsvedtektene gjev viktig informasjon om rettar og pliktar pårørande/festar har for gravstaden.